Bible

Create

Inspiring Presentations Without Hassle

Try Risen Media.io Today!

Click Here

2 Peter 3

:
Norwegian - NO2011NN
1 Dette er alt det andre brevet eg skriv til dykk, mine kjære. Med desse breva ville eg vekkja dykkar reine sinn ved å minna dykk om
2 det dei heilage profetane har sagt, og om det bodet dykkar eigne apostlar har frå Herren og Frelsaren.
3 Først og fremst skal de vita at i dei siste dagar skal det koma folk som følgjer sine eigne lyster, som spottar
4 og seier: «Kva med lovnaden om at han skal koma att? Fedrane våre er døde, men alt er som det har vore frå verda vart skapt.»
5 Dei som seier så, gløymer at det frå eldgammal tid var himlar og ei jord som i kraft av Guds ord vart til av vatn og ved vatn.
6 Og ved det gjekk verda den gongen under ho vart overfløymd med vatn.
7 Men dei himlar og den jord som no er, er i kraft av det same ordet sparte til elden. Dei blir haldne oppe til dommens dag, dei gudlause skal under.
8 Men ein ting de ikkje gløyma, mine kjære: For Herren er éin dag som tusen år, og tusen år som éin dag.
9 Det er ikkje rett, det somme meiner, at Herren er sein med å oppfylla lovnaden. Nei, han er tolmodig med dykk og vil ikkje at nokon skal tapt, men at alle skal fram til omvending.
10 Men Herrens dag skal koma som ein tjuv. skal himmelen forgå med eit drønn, elementa skal koma i brann og løysa seg opp, og jorda og alle gjerningane som er gjorde jorda, skal koma fram i lyset.
11 Når alt skal i oppløysing dette viset, kor heilagt og gudfryktig de ikkje leva
12 medan de ventar at Guds dag skal koma, og skundar han fram. skal himlane løysa seg opp i eld og elementa brenna og smelta.
13 Men etter hans lovnad ventar vi ein ny himmel og ei ny jord, der rettferd bur.
14 Difor, mine kjære: Medan de ventar dette, de leggja vinn å bli ståande for han med fred, utan flekk og lyte.
15 Og Herrens tolmod skal de sjå som eit høve til frelse. Det same har vår kjære bror Paulus skrive til dykk, ut frå den visdomen han har fått.
16 Om dette talar han i alle dei brev der han kjem inn desse spørsmåla. Det er noko der som er vanskeleg å skjøna, og dei ukunnige og veike forvrengjer det, slik dei òg gjer med dei andre skriftene, og det fører til deira eigen undergang.
17 Sjølv om de alt veit dette, mine kjære, ta dykk i vare. Lat dykk ikkje riva med og føra vill av dei lovlause, de mistar fotfestet.
18 De skal veksa i nåden og i kjennskapen til vår Herre og frelsar Jesus Kristus. Han vere ære, no og til den evige dagen! Amen.